Una reddar piggsvin i nød

Ser du eit piggsvin som har problemer bør du ringe til Pinnsvinhjelpen. Una (12) og familien er mellom dei som tek imot sjuke eller skadde dyr.

Det er ikkje lett å vere piggsvin i eit land med stadig fleire bilvegar og robot-grasklipparar, og færre skogsområde og insekt. Derfor starta Ingrid Fosse den frivillige organisasjonen Pinnsvinhjelpen for elleve år sidan. Dit kan du ringe dersom du finn eit piggsvin som ikkje har det bra, og få råd om korleis du kan hjelpe det.

– Men hugs alltid å få hjelp av ein vaksen, understreker Ingrid.

– Å passe på eit piGGsvin er ei stor oppgåve, som barn ikkje burde gjere åleine.

Fem piggsvin i år

I tillegg til å gje råd over telefon har Pinnsvinhjelpen frivillige som tek imot piggsvin frå folk som ikkje har moglegheit til å hjelpe sjølv. Una (12) og familien er mellom dei frivillige som tek imot dyr i nød.

– I år har vi hatt fem piggsvin heime hos oss, fortel ho. – Fire av dei gjekk det bra med, men det siste døydde. Det var trist.

På dei tre åra ho og foreldra har vore med i Pinnsvinhjelpen er det fyrste gong at eit av piggsvina har døydd.

MED SPRØYTE. Når Una og familien får ansvar for små piggsvinungar må dei matast med sprøyte kvar fjerde time.

Likar kattemat

Vanlegvis greier dei å redde dyra dei får inn, enten dei er sjuke, skadde eller berre veldig små. Det er mykje arbeid, men verdt det.

– Det kjekkaste er å sjå piggsvina springe rundt når vi luftar dei i buret i hagen, fortel Una.

– Dei er veldig nysgjerrige, og likar å utforske og gnage på alt vi slepp ned til dei: gras, greiner, ripsbær eller frukt.

– Er det det dei likar å ete?

– Nei! Piggsvin er kjøtetarar, som helst vil ha insekt. Men dei likar også kattematen vi gir dei.

Bæsj overalt

Ei av Una sine viktigaste oppgåver når familien har piggsvin er å vaske buret. Det er heilt nødvendig å gjere kvar dag.

I HANDA. Piggsvin er eigentleg ikkje så glade i å bli kosa med, men når dei er heilt små kan dei like å krølle seg saman i ei varm menneskehand.

–  Piggsvina grisar og rotar fryktelig mykje, det er bæsj overalt, og det stinkar, fortel ho.

Sidan dei bur like ved skogen må dei ha buret med piggsvina inne i huset. Ellers kan dei bli tatt av grevling eller rev. Når piggsvina har blitt friske, eller vekse seg store nok, køyrer Una og foreldra med dei til eit trygt område for å sleppe dei ut igjen i naturen.

– Det kjennest litt trist og tomt etterpå, seier dyrevennen, som vart særleg glad i eit piggsvin som fekk namnet Ringblomst.

– Men det er viktig å forstå at piggsvina ikkje er kjæledyr. Det er ikkje meininga at dei skal bli tamme.