16 fakta om vår piggete hageven

I boka «Pinnsvin» av Henrik Hovland kjem det fram mange spennande fakta om denne vesle krabaten som finst i mange norske hagar. Piggsvin finn du i åkeren, i eplehagane, i hekken og langs skulevegen.

Forfattar Henrik Hovland skriv om barna i familien si undring i møte med piggsvin. I boka får du vite det meste som er å vite om vår piggete ven, og illustratør Karen Aarre viser korleis piggsvinet lev. Ho har til og med teikna korleis du kan byggje ein heim til eit piggsvin. 

NY BOK: I boka «Pinnsvin», skrive av Henrik Hovland, kjem det fram mange spennande fakta om denne vesle krabaten som finst i mange norske hagar.
Foto: Vigmostad & Bjørke

Her er 16 fine fakta frå boka:

  1. Piggsvinet er hage-eigarane sin ven fordi det et skadedyr, sneglar og larvar. Medan det let plantene vera i fred. 
  2. Grevlingen er piggsvinet sin største fiende. Men piggsvinet har også mange andre fiendar: Reven, ugla, kulda, skjæra, kråka, bilen, slåmaskinen, grastrimmaren, kantklipparen, robotklipparen, lysgraver framføre kjellarvindauga, altfor høge kantar på fortau, tørke om sommaren, bråtebrann og nett som skjermar bærbuskar. 
  3. Når piggsvinet søv slår hjarta 147 slag per minutt. Det er like raskt som når eit menneske spring. Men om vinteren ligg piggsvinet i dvale. Då slår hjarta fem gongar per minutt. Det er ikkje mykje. Om vinteren kan piggsvinet la vera å trekkje pusten i to timar. Det er ganske utruleg. 
  4. Om dagen er det ikkje vanleg å sjå piggsvin, for då søv dei. Det er om kvelden og natta dei er ute og ruslar. Når vi legg oss for å sove om kvelden, vaknar piggsvinet for å ete frukost. 

    KRÅKEBOLLEKATT: Vikingane kalla piggsvinet ígullkǫttr som tyder kråkebollekatt. Foto: NTB scanpix / Gyda Nesje
  5. Om våren kan hannpiggsvina gå fleire kilometer i løpet av ei natt for å finne hoer dei kan pare seg med.
  6. Du må aldri må gje mjølk til eit piggsvin. Aldri! Piggsvinet likar mjølk, men toler det ikkje. Eit piggsvin som drikk mjølk, får grøn og geleaktig bæsj, og kan lett dø. I staden kan vi gje piggsvinet kattemat og vatn. Vatn er viktig.
  7. Pinnsvinet et helst insekt og andre små kryp som tusenbein, meitemakk og sneglar, men kan også ete egg og små mus. Dei treng å ete seg feite før dei går i dvale.
  8. I ein ustelt hage, mellom gamle vedstablar og kompostbingar som får stå i fred, trivst piggsvinet best.
  9. Piggsvin likar å sove inne i eit piggsvinbol som dei lagar i ein haug med blad. Piggsvina lagar bolet ved å samle saman blad og langt gras til ein hol ball med tjukke veggar. Men dei må ha det tørt og passe varmt. 
  10. Ein vinter med lite snø på bakken er ikkje bra for piggsvin. Snøen skal liggje som ei tjukk dyne over haugen med blad der piggsvinet går i dvale. Utan dyne blir det for kaldt. 
  11. Det går visst heilt fint å ha eit barn med piggar på ryggen i magen. Piggsvinbabyar har ein hudpose over piggane. Den blir dei også født med, og så tørkar posen inn nokre timar etter fødselen. Ei piggsvinmor kan få opptil ti unger i eit kull, men fire av fem piggsvinbarn døyr det fyrste året. 

    BALL: Når piggsvinet blir skremt, kan det rulle seg saman til ein ball raskare enn du trekkjer pusten. Illustrasjon: Karen Aarre / Vigmostad & Bjørke
  12. Piggsvin er tøffe dyr. Dei et hoggorm Det er det ikkje mange dyr som tør. Og dei kan klatre. Eit piggsvin på jakt etter ei feit larve eller ein snegle kan klatre høgt i ein vedstabel. Piggsvinet kan symje også.
  13. Eit vaksent piggsvin har cirka 6000–8000 piggar på ryggen. Piggane er laga av keratin. Det er eit stoff som håret og neglene til menneske også er laga av. 
  14. Når piggsvinet blir skremt, kan det rulle seg saman til ein ball raskare enn du trekkjer pusten. Vikingane kalla piggsvinet ígullkǫttr som tyder kråkebollekatt. 
  15. Piggsvinet var eit av dei tidlegaste pattedyra på jorda. Dei fyrste dukka opp for 70 millionar år sidan. Men i Noreg har vi berre hatt piggsvin i cirka 7000 år. Du kan treffe på dei så langt nord som Bodø.
  16. I Noreg er piggsvinet totalfreda. Viss nokon jaktar på det, kan dei bli straffa med bøter eller fengsel. Viss du finn eit skadd piggsvin må du ta det med til dyrlegen.