Slik byggjer du eit piggsvinhus

I boka «Pinnsvin» skrive av Henrik Hovland finn du mellom anna denne kule oppskrifta på korleis du kan byggje eit hus til dine piggete vener i hagen.

Du treng:

  • Handsag, hammar og spiker.
  • Plankebitar som er 2 cm tjukke. Vel material som ikkje har vore sett inn med maling eller andre kjemikaliar, og det er fint om den sida av plankebitane som vender inn mot piggsvinet, er uhøvla.
  • Takpapp eller kraftig plastduk.
  • Tørre blad og gjerne halm til å fore huset med.

Dette er eit hus med to rom: Eit hovudrom og ein gang. Hovudrommet er der piggsvinet søv, og gongen skal gjere det umogleg for ein katt eller eit anna dyr å strekkje potane sine inn i hovudrommet.

På teikninga er D og E langveggane, og A og C er kortveggane. B er skiljeveggen mellom dei to romma. For å lage eit lokk (F) som ikkje kan skli eller skyvast av, kan du skru fast to lister på undersida av lokket som passar i to spor du har saga ut i skiljeveggen.

SLIK GJER DU: Følg denne arbeidsteikningen når du skal byggje hus til din piggete hageven. Illustrasjon: Karen Aarre.

Piggsvin likar å ha det litt trongt. Det må ikkje vera for høgt under taket i piggsvinhuset, og fyll gjerne opp med halm. Det likar dei. Då blir det godt og varmt til vinteren.

KOSELEG: Illustratør Karen Aarre har teikna korleis det kan sjå ut når du er ferdig å lage til ein lun stad til piggsvinet.

Ikkje sett huset på eit fuktig underlag, og velg ein stad der piggsvinet kan bu uforstyrra, for eksempel i skjul bak ein gamal vedstabel. Om du ikkje alt har kledd loket med takpapp, så dekk til huset med plastduk eller eit anna vasstett materiale.