7 av 10 vil ha påbod om sykkelhjelm

72 prosent av alle nordmenn ønsker påbod om sykkelhjelm for alle. Det kjem fram i ei undersøking frå Trygg Trafikk og Tryg Forsikring.

– Hjelmbruken i Noreg har auka over ei lengre tid, men det er framleis langt igjen før alle som syklar bruker hjelm, seier Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

Stadig fleire syklar. Dette fører også til fleire ulukker. Særleg gjeld det i dei store byane.

Torbjørn Brandeggen frå Tryg Forsikring meiner det bør bli eit påbod om hjelm for syklistar.

– Me trur det er eit viktig bidrag til å redusera og forhindra hovud- og ansiktsskadar, ikkje minst blant barn, seier han i ei pressemelding.

Mange på elsparkesykkel blir skadde

Også for el-sparkesykkel meiner eit fleirtal – 67 prosent – at eit hjelmpåbod er på sin plass.

– El-sparkesykkel er ikkje eit leiketøy, noko skadetala til legevakta stadfestarl, seier Brandeggen.

Undersøkingar viser at nær halvparten av dei som blir skadde på elsparkesykkel får hovudskader.

Barn under 12 år er flinkast

I 2018 vart det registrert ein bruksdel på 63 prosent når det gjeld bruk av sykkelhjelm i Noreg. Flinkast er barn under 12 år med ein bruksdel på 83,5 prosent

Brukar du sykkel til skulen?

Brukar du sykkel til skulen?

Ja, eg brukar sykkelen54
Av og til sykkel15
Eg går for det meste10
Eg blir køyrd6
Eg tek skulebussen11
Svar totalt: 96