Ny lov stoppar demokratiet i Kina

Hong Kong er ein del av Kina. Tidlegare var det Storbritannia som styrde over Hong Kong. Hong Kong har kjempa for fridom og demokrati, men no stoppar Kina dei i kampen.

I 1997 gav Storbritannia Hong Kong tilbake til Kina.

Sjølv om Hong Kong har vorte kinesisk, har dei fått bestemme mykje over sitt eige område. Menneske i Hong Kong har hatt meir fridom enn menneske i resten av Kina.

Dei har kjempa i fleire år for at dei skal få fortsetje å ha meir fridom. Det har dei mellom anna gjort ved å protestere ute i gatene mot Kina.

Ny lov stoppar demokratiet

Tysdag, 30. juni, sa Kina ja til ei ny lov. Lova seier at politiet kan arrestere menneske i Hong Kong som kjempar for demokratiet og fridom.

Dei kan bli dømde til fengsel resten av livet.

Politiet har allereie arrestert 30 personar for brot på den nye lova.

Mange land i resten av verda seier at den nye lova er feil.