Ti tips for eit betre klassemiljø

Ung.no har laga 10 fine tips for eit betre klassemiljø.

Bli kjent

Start tidleg med å arrangere ulike arrangement som for eksempel klassekveldar, overnattingsturar, kinoturar og liknande. På den måten blir du og klassevenane dine kjende frå fyrste dag. 

Reis på overnattingstur

Å reise på ein overnattingstur er veldig lurt om ein vil bli betre kjent. Viss klassen er saman eit døgn eller to kan ein lage middag saman, underhalde kvarandre og gjere ulike aktivitetar saman.

Gruppearbeid på skulen

I gruppearbeid på skulen får du samarbeide med dei du kanskje ikkje er med til vanleg. Når ein jobbar med gruppearbeid er det også mange som møter kvarandre på fritida. 

Få med læraren

Det er viktig med lærarar som engasjerer seg og jobbar for eit betre klassemiljø. Spør gjerne læraren om å få bruke nokre dagar til aktivitetar klassen kan gjere saman. Snakk gjerne med elevrådsrepresentanten om dette. 

Inkluder alle

Veit du om nokon som ofte står litt utanfor? Er det nokon som aldri blir invitert heim til andre, eller som ikkje blir inkludert i samtalar i friminutta? Kanskje du kan prøve å få med denne personen neste gong? Og når det er din tur til å invitere til bursdag kan du kanskje invitere alle i klassen?

Pengar til klassetur 

Det er viktig å tene inn pengar om klassen skal på klassetur. Det er ein fin måte alle kan samarbeide på, og bli kjent med kvarandre. 

Reise på klassetur

På berre ei veke på tur kan klassemiljøet endre seg veldig til det betre! 

God oppførsel

Hugs å vise respekt for kvarandre. Kan du inkludere og smile til alle, ikkje berre dei som er dine næraste vener? Gje alle ein sjanse. På denne måten kan alle finne gode vener.

Hugs å pleie klassemiljøet

Eit godt klassemiljø kjem ikkje av seg sjølv. Det krev at alle er med på å inkludere kvarandre.

Sjå på tipsa og reglar jamleg

Bruk desse eller andre tips jamleg, heng dei gjerne opp i klasserommet!

 

Kjelde: Ung.no