I eit godt klassemiljø er det ingen som mobbar

Lilly Åsheim Karlsen (10) og Leon Ribesen (9) går i 4. klasse på Skånevik skule. Dei er einige i at ingen skal baksnakke eller mobbe kvarandre i eit godt klassemiljø.

I eit godt klassemiljø prøver vi å hjelpe kvarandre. Eg tenker også at det må vera ro til å arbeide godt og lite kjefting, seier Lilly.

Eg tenkjer at ingen baksnakkar eller mobbar kvarandre i eit godt klassemiljø, seier Leon.

Ikkje le av kvarandre

Lilly og Leon tenkjer seg godt om når dei skal ramse opp reglane dei har for eit godt miljø i klasserommet og i friminutta.

Det er viktig at ikkje alle går imot ein. Og vi skal ikkje le av nokon dersom den som gjer noko ikkje prøver å gjere noko morosamt. Viss nokon treng hjelp, skal vi hjelpe dei, og viss vi ser noko dumt som skjer, skal vi seie det til ein vaksen, fortel Leon. 

Både Leon og Lilly er opptekne av å hjelpe medelevane sine.

Eg spør ofte om folk treng hjelp, og prøver så godt eg kan å hjelpe til, fortel Lilly. 

Viss eg ser nokon som held på å gjere noko dumt mot andre prøver eg å stoppe dei, eller så snakkar eg med ein vaksen, seier Leon.

Fekk streng beskjed

Det hender dei gløymer reglane, og opplever at andre i klassen også gløymer ting dei har blitt einige om.

Når det kjem nye reglar er det mange som gløymer dei. Tidlegare var det også slik at vi oppførte oss annleis om vi hadde vikar. Slik er det ikkje no lenger, seier Lilly.

Ja, det var ikkje bra at vi oppførte oss dårlegare når vi hadde vikar. Vi har også fått streng beskjed frå læraren vår at vi må følge reglane og vera snille med både vikarar og kvarandre, fortel Leon.

Men vi må ikkje gløyme at klassen vår også har fått ein god del skryt for klassemiljøet. Det er veldig kjekt, seier Lilly og legg til:

Å få masse vener, og å ha ein snill lærar, er det kjekkaste med å gå i ein klasse.

EINIGE: Lilly Åsheim Karlsen (10) og Leon Ribesen (9) er einige i at ingen skal baksnakke eller mobbe kvarandre i eit godt klassemiljø. Foto: Janne Nerheim