Hipp hurra for Sverige!

6. juni har vårt naboland, Sverige, nasjonaldag. At barn får fri frå skulen er ein ny tradisjon.

Ein skal ikkje lengre tilbake i tid enn til 2005, der det blei bestemt at 6. juni skulle vere ein offentleg høgtidsdag. Det vil seie at dei fleste fekk fri frå skule og arbeid, slik som vi har her i Noreg på nasjonaldagen 17. mai.

Før 2005 var det stort sett markert med offentleg flaggheising rundt omkring på skular – i skuletida, og flaggheising på andre offentlege plassar.

Sverige sin nasjonaldag blei tidlegare kalla Svenska flaggans dag.

Grunnen til at Sverige sin nasjonaldag er 6. juni kjem av fleire hendingar.

Viktige hendingar 6. juni

  • 1523: Gustav Vasa blei valt til svensk konge.
  • 1809: Ei ny svensk grunnlov kom.
  • 1974: Endå ei ny svensk grunnlov kom.

Danmark, som hadde grunnlovsdag i går, har ikkje offentleg helligdag.

Mange store feiringar i Sverige

Sjølv om den svenske nasjonaldagen ikkje kan måle seg med den norske nasjonaldag-feiringa, har Sverige mange andre flotte arrangement som skil seg ut gjennom året.

Valborgsaftan: På kvelden 30. april (natt til 1. mai) feirar svenskane våren velkomen med bål og vårfest. Då tenner dei store bål, og det er ofte fyrverkeri også.

Midtsommar: Dette blir feira større i Sverige enn det blir her i Noreg. Denne kvelden pyntar dei seg, og lagar til fest med god, tradisjonsrik mat som sild, rømme, graslauk, nypoteter, jordbær og blautkake. Frå gamalt av dansa dei også rundt ei maistong. Feiringa skjer alltid fredag nærast den 24. juni.

Midtsommarstang i Sverige (Colourbox)

Lucia-feiring: 13. desember er det også stor markering av Lucia-dagen i Sverige. Det er som i Noreg, men Sverige har lengre, større og sterkare tradisjonar. Det er Lucia-tog, lussekattar, song og musikk.

Santa Lucia (Colourbox)