Unionsoppløysinga: Slik fekk vi vår eigen konge

Den 7. juni 1905 vedtok eit einstemmig norsk storting at unionen mellom Noreg og Sverige var oppløyst. Noreg erklærte seg dermed som ein uavhengig stat.

Sverige aksepterte ikkje det norske vedtaket og forlangte at ein del vilkår vart oppfylte før ein ville sjå på unionen som oppløyst. Blant anna vart det bestemt at det skulle haldast ei folkerøysting for å sjå om det norske folket var einig i vedtaket i Stortinget.

13. august 1905 gjekk folket til urnene. 368 208 røysta ja til unionsoppløysinga, mens 184 røysta nei. Berre menn hadde høve til å røyste, men 244 765 kvinner hadde skrive under på lister med støtte til unionsoppløysinga. (kjelde: Kongehuset)

Dronning Mauds, kronprins Olav og kong Haakon VII
Arkivfoto: NTB / SCANPIX

Dansk prins blei norsk konge

Det var tvil om Noreg skulle innføre republikk eller ha monark som overhovud. Folk røysta, og fleirtalet sa at vi skulle ha monarki, altså ein konge.

Prins Carl av Danmark fekk tilbod om å ta trona i Noreg, noko han takka ja til. Han skifta namn til Haakon VII. Sonen han hadde, Alexander, fekk namnet Olav, som er pappaen til dagens konge: Kong Harald.

Ordforklaring: Republikk: stat der overhovudet er president.

Statue av Kong VII som står i Oslo. (Colourboc)