Sju tips for å trivast heime når skulen er stengt

Ung.no har laga lure råd til deg som treng hjelp til å finne ein god måte å takle den nye kvardagen vår på.

Følg rutinane

  • Stell deg og kle på deg vanlege klede kvar dag: Sjølv om ingen kjem til å sjå deg, er det lurt å gjere det likevel. Det er for å gjere ting så normalt som mogleg. 
  • Lag deg ein fast plass du kan ha heimeskule: Mange lærarar gir elevane sine arbeidsoppgåver eller har undervisning på nett. Viss du ikkje får nok å jobbe med, kan dette vera ein fin sjanse til å øve meir på noko du ikkje har forstått tidlegare.
  • Bestem deg for å følge planen din for dagen. Stå opp til vanleg tid, ha normale friminutt, og avslutt skuledagen til vanleg tid.
  • Lag gjerne ein avtale med ein frå klassen som du kan samarbeide litt med om leksene i videosamtalar.

Gjer noko du har hatt lyst til å gjere

Kanskje er det noko du lenge har hatt lyst til å gjere, men som du ikkje har hatt tid til? Eller kanskje du kjem på noko heilt nytt du har lyst til å prøve? Det kan vera kva som helst. Som til dømes å:

  • male
  • trene på eit fotballtriks
  • ta deg eit bad
  • bake noko godt 
  • lese ei bok

Kom deg ut

Det er viktig med frisk luft, både for hjernen og kroppen. Gå, sykle eller gjer noko anna gøy ute i det fri! Så lenge du følger råda for karantene og isolasjon kan du få deg litt frisk luft. Hugs å halde deg borte frå andre menneske og vask hendene godt når du kjem heim att. 

Gjer noko både åleine, saman med familien og med vener

Viss du plutseleg må leva veldig tett på andre, er det fort gjort å gå kvarandre på nervene. Det kan du forhindre ved å gje deg sjølv litt tid åleine. 

Det kan også vera veldig fint med meir tid med familien. Kanskje kan de avtale å gjere noko kjekt saman? Som å lage mat eller spele eit spel? Videochat med vener du likar å vera saman med, og avtal å spela eit spel eller sjå ein film saman. Sjølv om de sit i kvart dykkar hus, kjennest det litt som at de er saman når de held kontakta på dette viset. 

Gjer noko for andre

Kjenner du nokon som bur åleine, som kunne trenge litt hjelp eller selskap? Ta ein telefon og spør om det er noko du kan hjelpe dei med. Viss dei treng hjelp til å handle, kan du spør foreldra dine om hjelp til det.

Ta ein dag om gongen

Ikkje tenk så langt fram i tid. Då kan ein fort bli motlaus, sidan vi ikkje veit kor lenge det blir slik. Men vi veit det kjem til å bli normalt att. Berre ta ein dag om gongen. Du treng berre tenkje på dagen som er i dag. 

Hugs at du gjer noko viktig

Det kan kanskje kjennest som eit stort offer at vi alle må halde oss så mykje heime når ikkje alle er smitta. Kanskje du bur på ein plass der ingen har fått påvist smitte, men du må likevel halde deg vekke frå skule eller jobb? Då er det viktig å tenkje på at du er heime for at dei som er ekstra utsett skal unngå å bli svært sjuke. Når alle samarbeider, kan vi bli kvitt viruset endå raskare.