Falske nyheiter om koronavirus – korleis veit du kva som er sant?

Etter at viruset starta i byen Wuhan i Kina har mange personar vorte sjuke, og mange har døydd. Men falske nyheiter spreier seg fortare enn viruset.

Etter at viruset har spreidd seg frå Asia til Europa har det dukka opp mange falske nyheiter om viruset. Særleg på sosiale medium.

I nokre Facebook-innlegg står det blant anna at utbygginga av 5G-mobilnettverk utanfor byen Wyhan, har skulda i sjukdomen. Dette er sjølvsagt ikkje sant.

Freja Nilsen (13) og Aleksander Schøyen (13) på Bogstad skole veit godt kva falske nyheiter er.

Stolar på store medium i Noreg

Aleksander får ofte vite nyheiter gjennom venner. Er det ting han vil høyre meir om går han inn på aviser eller ser på TV for å finne ut meir. Då vel han alltid aviser han stolar på. 

I dag var det nokon som sa at koronaviruset hadde kome til Røa. Då gjekk eg inn på VG for å sjekke om det var sant, fortel Aleksander.

Aleksander fann ingenting som viste at det var sant.

FALSKE NYHEITER: På sosiale medium dukkar det ofte opp saker som blir delt fleire tusenvis av gonger som viser seg å vere falske nyheiter.

Korleis kan vi vite at nyheiter er sanne?

Lærar Åse Olving Lund fortel at kjeldekritikk og falske nyheiter er noko som kjem naturleg inn i undervisninga:

– Då har vi fokus på at elevane må vite at kjeldene er riktige og at teksten er publisert på ei seriøs nettside, seier Åse Olving Lund.

Ein hovudregel kan vere å bruke truverdige aviser som du stolar på. I Noreg er det fleire store mediehus som jobbar etter strenge reglar, der alt skal vere faktasjekka og sant.

Eg sjekkar gjerne fleire nettsider, men eg stoler iallfall ikkje på Wikipedia. Der kan folk sjølv redigere teksten, seier Aleksander. 

Ein gong Aleksander jobba på biblioteket med ei skuleoppgåve kom han over ein wikipediaartikkel om ein kjend person som var full av merkelege setningar, som nokon hadde tulla med.

Er det for godt til å vere sant?

På sosiale medium dukkar det ofte opp saker som blir delt fleire tusenvis av gonger som viser seg å vere falske nyheiter.

Når vi les noko som verkar for godt til å vere sant, må vi stoppe opp og tenke over kor truverdig saka er. Er det «for godt til å vere sant», må ein rett og slett søke på nettet og finne ut av det, seier Åse. 

Kvifor trur de at folk spreier falske nyheiter?

Det kan vere for å spreie informasjon som kan lure folk, seier Freja. 

Det kan også vere konkurranse. Dersom mange aviser skriv om dei same tinga, kan dei gå langt for å få dei beste overskriftene, seier Aleksander.

I tillegg kan det vere for å sverte andre, og hevde seg sjølv og sitt eige bodskap, seier Åse.

NRK, TV2, VG og Dagbladet har gått saman og laga ei side som heiter faktisk.no som jobbar med å avdekke falske nyheiter.