No blir skulane stengde i 14 dagar

– I dag kjem regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg sidan andre verdskrigen, seier statsministeren.

– Vi står i ei vanskeleg tid, for Noreg og for verda, seier Solberg under pressekonferansen.

No har regjeringa kome med tiltak for å stoppe eller begrense koronaviruset.

No blir alle idrettarrangement, skular, barnehagar og liknande stengde i 14 dagar framover.

Elevar som har foreldre som har samfunnsviktige jobbar. Altså arbeid som er viktig for landet, skal få eit tilbod på skulen/barnehagen.

Statsministeren seier også at dei vaksne som kan jobbe heimanfrå bør gjere det.

Det skal ikkje vere noko grunn til å hamstre inn alt av maten ein treng. Butikkar vil framleis vere opne.