Song for ein tom sal i dansk Melodi Grand Prix

Då Danmark skulle kåre vinnaren i årets Melodi Grand Prix var det utan publikum i salen. Applaus og latter blei erstatta med lydeffekter.

TV-sjåarane fekk sjå ein tom sal når artistane stod på scenen og framførste låtane.

TV-produsentane har klart å skjule det veldig godt, men om du ser nøye etter i videoen ser du kanskje at det ikkje er publikum i salen?

Grunnen til den tomme salen var fordi regjeringa la inn tiltak mot koronaviruset.

Har fått kritikk

DR, TV-kanalen  i Danmark, har fått kritikk i etterkant fordi dei la til latter og applaus, trass den tomme salen.

Programleiarane la ikkje skjul på at dei gjorde små triks under sendinga. Dei fortalte TV-sjåarane at dei kom til å legge på kunstig applaus.

La aldri skjul på det

Programleiarane sa at det var ei slags “lyd-sminke” – mest for artistane som skulle stå på scenen.

Redaksjonssjefen har også uttalt seg.

– Vi har vore superklare at det var ein gimmick og det vart nemnd fleire gonger frå starten. Vi har ikkje prøvd å late som at der var publikum. Det var ein av fleire gimmicks vi brukte for å lagea ein flott TV-kveld, seier redaksjonssjef og talsperson for Melodi Grand Prix i Danmark til DR.

Vinnaren blei Ben & Tan med låten Yes. 

Her er den norske vinnaren, Ulrikke Brandstorp, med Attention