Kjenner du att desse Barbie-dokkene?

Nyleg lanserte leiketøysprodusenten Mattel tre nye Barbie-dokker i serien av inspirerande kvinner. Serien vart først lansert i 2018.

Serien er ifølgje produsenten ein del av strategien for å lukka «The Dream Gap», som går ut på at jenter i tidleg alder sluttar å tru at dei kan bli president, forskarar, astronautar, store tenkarar, ingeniørar og toppleiarar.

Ella, Florence og Billie

No lanserer Barbie tre nye dokker i serien av inspirerande kvinner. Dei tre som får æra denne gongen er gullstrupen Ella Fitzerald, sjukesyster Florence Nightingale og tennislegenda Billie Jean King.

Ella Fitzerald

Lewin/Kaufman/Schwartz/wikipedia

Jazzsongaren Ella Fitzgerald hadde ein enorm produksjon med over 200 album, før ho døydde i 1996.

Sjukesyster Florence Nightingale

Florence Nightingale  (Foto: H. Lenthall/Wikipedia)

Britiske Nightingale vert rekna som ein pioner innafor moderne sjukepleie og hadde sitt virke på slutten av 1800-talet.

Billie Jean King

Billie Jean King. Foto: Lynn Gilbert

Tennislegenda King er den einaste av dei tre kvinnene som framleis er i live.

Andre kjende barbie-versjonar

Tidlegare har mellom anna borgarrettsforkjempar Rosa Parks, kunstnar Frida Kahlo og astronaut Sally Ride, som var ei av King sine venninner, blitt lansert i Barbie-versjon.