5 ting du ikkje visste om haiar

Mange menneske er redd for haiar. Men mange haier er eigentleg ikkje så farlege.

– Haiar har mykje dårlegare rykte enn dei fortener. Det finst meir enn 400 ulike artar haiar i verda, men veldig få er farlege og aggressive, seier Claudia Junge til Ung.Forskning.no. Ho forskar på hai ved Havforskningsinstituttet.

Her er åtte ting du kanskje ikkje visste om hai:

1. Hoer kan få barn uten hannar

– Det har skjedd i akvarier, der det ikkje var hannar, fortel Junge.

Haiar har fleire måtar å få barn på. Enkelte artar legg egg på botnen av havet. Andre lager egg inne i kroppen og føder levande ungar. Pigghåen, som bur langs kysten av Noreg, gjer det på denne måten. Det er også enkelte artar som gjer det på same vis som menneske. Dei har ei livmor der fosteret veks. Så føder dei levande ungar. Kvithai og tigerhai gjer det slik.

2. Enkelte haiar et sine søsken

Den fyrste som blir først i ein søskenflokk av sandtigerhai, vil ofte ete søskena sine. Det gjer dei fordi dei ikkje vil ha konkurranse. Ungene til sandtigerhaiane må nemleg klare seg sjølv med ein gong dei blir fødd.

3. Nokre haiar kan bli meir enn hundre år

– Ein hai som håkjerring kan bli over hundre år, kanskje fleire hundre år gamal, seier Junge.

4. Haiar må symje for å flyte

Alle haiar er ekspertar på å symje. – Haien må bevege seg for å flyte. Når den stoppar å symje, søkk den til botnen, seier Junge.

5. Kvithaien må symje natt og dag

Mange haier tek seg ein pause på botnen, men kvithaien må symje heile tida for å få oksygen. Den må med andre ord symje medan den søv.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)