Vaksne er også mørkredde

Når det blir mørkt, opplever mange at alt blir mykje skumlare. Men kvifor er det slik?

Det er helt vanleg å vera redd for mørke. Det er ikkje berre barn som kan vera redde. 

– Forsking tyder på at også vaksne blir meir engstelege i mørke, fortel den danske forskaren Mathias Clasen til Videnskab.dk.

Forska på vaksne folk

Forskarar gjorde nemleg eit forsøk med vaksne, skriv Forskning.no. Dei blei delte i to grupper. Éi gruppe sat i eit lyst rom, medan den andre satt i mørke. Alle hadde høyretelefonar på. Plutseleg fekk dei høyre ein høg lyd i øyrene. Dei som satt i mørke reagerte sterkare på lyden enn dei som satt i lyset. Forskarane målte at dei fekk raskare puls.

Arv frå urmennesket

Mathias trur at frykta for mørke har overlevd i oss menneske frå tida då vi levde med mange fleire farar. Til dømes rovdyr som jaktar om natta. Vi menneske ser nemleg dårleg i mørket samanlikna med andre dyr.