Ta vare på alle rundt deg

Kva vil det eigentleg seie å ta vare på kvarandre? At du blir tatt vare på eller ikkje?

Eg tippa at dei fleste har høyrt læraren seie: «I denne klassen skal alle ta vare på kvarandre. Ingen skal føle seg utestengd». Men det er ikkje berre på skulen ein skal ta vare på kvarandre. Ein skal ta vare på kvarandre heile tida. Viss du ser at ein person går åleine: smil! Eit smil kan forandre so mykje for ein person som har det dårleg, eller som berre treng ei lita oppmuntring. 

Viss du kjenner ein person som seier at dei ikkje føler at dei blir tatt vare på, for eksempel heime, må du oppmuntre den personen til å seie ifrå til nokon dei stolar på om dette. Ein skal ikkje føle at ein ikkje blir tatt vare på. Men kvar enkelt må sjølv tørre å snakke om det. Og den du fortel det til må forstå alvoret! Då må du sjølv vere klar på at dette er alvorleg og ikkje tulle det til.

Eg meiner at alle skal føle seg trygge og at dei blir tatt vare på. Tenk om du sjølv var i ein situasjon der du følte at du hadde ingen å snakke med fordi du hadde det så dårleg heime eller på skulen, men du fekk eit varmt og breitt smil, og kanskje eit hei frå ein klassekamerat. Tenk så godt! Vil du hjelpe til?

Har du noko på hjartet?

Send lesarbrev til oss på junior@framtida.no.