Fortnite-verdsmeisteren skal vera med i eksklusiv turnering

Emil Bergquist Pedersen (17) er invitert av den verdskjende tennisturneringa Australian Open, for å kjempe i ei heilt spesiell turnering.

Fakta om Fortnite:
  • Fortnite blei lansert av spelselskapet Epic Games i 2017.
  • Fortnite er eit Battle Royale-spel, som kort fortalt går ut på at opp til 100 spelerar landar på ei øude øy. Der må dei finne våpen så fort som mogleg for å kunne verna seg sjølv mot andre spelerar medan dei flyktar frå ein sirkel som gjer kartet mindre. Målet er å vera den siste spelaren i live.
LES FAKTALUKK FAKTA

Emil blei verdsmeister i Fortnite sommaren 2019. No er han éin av seks europeiske spelerar som er invitert til å delta i Australian Open si Fortnite-turnering. Den blir arrangert under finalehelga til den verdskjente Grand Slam-turneringa i tennis.

Spelerane i Fortnite-turneringa skal kjempe om 400.000 australske dollar (2,5 millionar norske kroner).

Tennisturneringa blir arrangert i Melbourne Park, frå 20. januar til 2. februar 2020.