– Vi har verdas kulaste sau

På ein gard på øya Askrova ved Florø leikar sauen Odlaug tikken med Nilia Lorentze (8) og Jack Levian (6). Møt verdas kulaste sau og resten av flokken! 

På Instagram finst det ein sau som har mange tusen fans. Odlaug er namnet, og eigaren er Nilia Lorentze. Odlaug er kjendis på Instagram under namnet worlds_coolest_sheep. Det heile starta med at Veronica, som er mor til Nilia Lorentze og Jack Levian, knipsa eit par bilete av Odlaug og Nilia Lorentze som leika. 

– Eg la bileta ut på Facebook, og då var det ein som kommenterte at eg burde lage ein blogg. Men ein blogg er mykje skriving, så eg tenkte Instagram kunne vera kjekt. Der er det jo mest bilete, og litt tekst, fortel Veronica.

SHOWSAU: Nilia Lorentze trenar til «Odlaug sitt saueshow»! Hunden Pili er imponert. Foto: Privat

Skal bli gamle

Odlaug og dei andre sauene i flokken blir behandla som kjæledyr av familien. Dei likar å samanlikne sauene sine med andre sine hundar.

– Desse sauene skal få leve til dei blir gamle, fortel Veronica.

Etter at Odlaug blei kjendis har familien også byrja å leggje ut bilete av dei andre sauene i flokken. Jack Levian har også fått sin eigen sau. 

– Oddleif blei født i år, fortel Jack Levian.

Då Oddleif var eit lite lam fekk barna ha han på overnatting på rommet. Mor til Oddleif var sjuk, så ho kunne ikkje ha det vesle lammet hos seg. 

KOSESAU: Jack Levian kosar med Oddleif si mjuke ull. Foto: Privat

– Han sov med oss heile helga. Vi hadde madrasser på golvet med ei eske til Oddleif mellom oss, fortel Jack Levian.

Sauer som leikar

– I tillegg til Oddleif har vi Gørull, Ullaug og Kåre, seier Jack Levian.

– Så har vi Severin, Kjellaug og Odlaug. Det blir sju sauer det! fortel Nilia Lorentze.

Sauene er gjerne med på å leike ilag med barna. Odlaug har vore med på både ski- og sykkeltur.

– Odlaug likar også å leike tikken og gøymsel. Og ho likar å springe kappløp! Viss Odlaug er bak meg, så «tek ho meg» ved å springe framføre meg.

HOPPESAU: Sauen Odlaug sin profil på Instagram starta med at Veronica, som er mor til Nilia Lorentze og Jack Levian, knipsa dette biletet av Odlaug og Nilia Lorentze som leikar. Foto: Privat

Sau i kostyme

Nilia Lorentze likar også å kle ut sauene.

– Eg likar å pynte dei med hårstrikkar, skjerf og pannebånd. Neste halloween skal eg og Odlaug gå knask eller knep. Då vil eg kle ho ut som ein zombie! ler ho.

PYNTESAU: – Eg likar å pynte dei med hårstrikkar, skjerf og pannebånd, fortel Nilia Lorentze. Foto: Privat

Odlaug lograr når ho ser familien, når ho får mat, og når ho får merksemd. 

– Når ho er glad lograr ho med halen.

– Vi vil lære sauene å sitje, å bli, dekk og å stille opp. Målet er at dei skal stille seg på ei rekke – slik at vi kan lære dei triks, fortel Nilia Lorentze.