Urettferdig lenge til

Linn Isabel Eielsen har skrive eit dikt om den magiske gåva.

Mamma seier at eg aldri får eit akebrett,

men ho veit ikkje noko om kva eg i kveld har sett

den låg der fint i skapet, innerst bak alt tull

rett bak alle truser, og kåper sydd av ull

ho låg på øvre hylle, men eg hoppa, stod på tå

ei svær og diger eske, med lilla sløyfe på

kva anna kan det vere? Den må jo vere min

eit akebrett med styre, som går raskare enn lyn!

 

Snøen kom i går, og eg får slettes ikkje ro

så urettferdig lenge til, for eg vil ake no!

kva anna kan det vere? Den må jo vere min

så kva om eg gjer eska til ein ekte tidsmaskin?

 

Eg kan setje meg i eska, og bruke fantasi

om eg berre vil det nok, kan eg reise fram i tid

så flyr eg over himmelen, blant stjerneskodd og snø

kanskje ser eg nissen, og sleden hans i kø!

eg spolar rett forbi 23 dagar med «snart»

hoppar rett til julaftan, kor alt er fint og klart!

så ser eg på ein teiknefilm og et kva eg vil

heilt til nissen bankar på og spør om eg er snill

så kjem han inn med gåver, og kjeks og godteri

og etter alt er opna, er det nesten sengetid…

 

Så er jo kvelden over, med eit år til neste gong

eg hoppa over alt, ei tid med leik og song!

det er jo ikkje berre sjølve kvelden som er gøy

men ventinga med spenninga og masse sukkertøy!

 

Mamma seier at eg aldri får eit akebrett,

men ho veit ikkje noko om kva eg i kveld har sett

den låg der fint i skapet, innerst bak alt tull

rett bak alle truser, og kåper sydd av ull

eg såg ho, og no veit eg, kva eg kanskje vil få

men eg smører meg med tålmod, for tida den vil gå

det er jo ikkje lenge til, 23 dagar med snart

og i morgon når eg vaknar er det mindre enn i dag.