Fredsprisvinnaren Abiy Ahmed

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2019 skal gå til Etiopias statsminister Abiy Ahmed for innsatsen han har gjort for fred og samarbeid med grensekonflikta med nabolandet Eritrea.

Etiopia og Eritrea

Etiopia

  • Hovudstad: Addis Abeba 
  • Folkesetnad: 99,4 millionar
  • Etniske grupper: 90

Eritrea

  • Hovudstad: Asmara
  • Folkesetnad: 6 millionar
  • Etniske grupper: 9 ulike folkegrupper
LES FAKTALUKK FAKTA

Kvifor har Eritrea og Etiopia vore i krig?

Det vesle landet Eritrea var tidlegare ein del av Etiopia. I 1993 vart Eritrea sjølvstendig frå Etiopia. Då hadde det vore ein blodig borgarkrig i 30 år. Men likevel vart det ikkje fred. Frå 1998 har det vore mykje krig og uro mellom dei to landa. Heilt fram til Abiy Ahmed blei statsminister i Etiopia.

Kva har fredsprisvinnaren gjort?

Abiy Ahmed blei statsminister i april 2018. Då gjorde han det klart at han ønska å ta opp fredssamtalane med nabolandet Eritrea. Fredsprisvinnaren hadde nært samarbeid med Eritrea sin president og fekk på kort tid fram ein fredsavtale mellom landa. 

I tillegg til dette har fredsprisvinnaren gjort mykje for heimlandet, Etiopia. Han har sett i gang reformar som gir etioparane håp om eit betre liv og ei lysare framtid.

Han sleppte fri politiske fangar, og let private drive eigne bedrifter. Internett blei også meir friare enn tidlegare. Og ein annan viktig ting var at innbyggjarane kunne reise mellom landa.

Etter at grensa er opna mellom landa, kan Etiopia sende varer dei lagar ut i verda. Eritrea har nemleg ei lang kystlinje med hamnar som kan frakte varene. Dette gir meir pengar til begge landa.

Landa blir kalla for Afrikas horn, fordi det har forma som hornet til eit nasehorn.

AFRIKAS HORN: Det grøne landet er Eritrea og det oransje er Etiopia. Landa blir kalla Afrikas Horn. Illustrasjon: MarginalCost/CC BY-SA 4.0

Ordforklaring

Borgarkrig: Konflikt eller væpna kamp mellom folk innanfor det same landet.