SJÅ VIDEO: Lag julekort med Dina

Her er ein superlett måte å lage fine og morosame julekort. Alt du treng er papp, fingermåling, tusj og ein pensel.

Sjå video lengre nede i saka.

Dette treng du

  • papp/papir
  • fingermålling
  • tusj
  • pensel

Dette gjer du

  • Først kan du tenke ut kva du vil lage. Reinsdyr, snømann, dompap, juletre, englar…
  • Dypp fingeren i fingermåling
  • Trykk fingeren på papiret
  • La målinga tørke
  • Teikn på strekar
  • FERDIG!

SJÅ VIDEO


Her teiknar Dina bein og gevir med tusj etter at målinga er tørka.

Etter at du har fingermåla på papiret må målinga tørke. Etter det er tørka kan du teikne strekar.

Her målar Dina kvite prikkar på reinsdyra.

Etter du har teikna på strekar kan du måle med ein pensel om det trengs

Andre kort Dina har laga

Eit juletre

Lysegrøne fingertuppar har laga greinene. Ein gul finger-endetupp har blitt stjerna. Etterpå har Dina teikna inn stamma og forma litt på greinene.

Ein julekrans

Her har Dina fyrst laga ein grøn runding av lysegrøn måling. Når det er tøkra har ho trykt ein mørkare grønfarge rundt den lysegrøne rundingen. Til slutt har ho måla raude bær med pensel.

Ei uferdig lyslenke og snømenn som manglar tusj og måling