Ny rapport: Over halvparten av trea i Europa risikerer å bli utrydda

Trea står i fare for å bli utrydda av byutvikling, hogst, sjukdomar og forureining. Det er konklusjonen til forskarane som har laga den nye raudlista for tre.

I ein rapport frå The International Union for the Conservation of Nature står det at 58 prosent av Europas stadeigne tresortar er truga.

15 prosent av trea er kritisk truga. Med stadeigne tre meiner dei tre som kun finst på eit lite geografisk område, skriv NRK.