Skogen er jorda sine lunger

Årlege CO2-utslepp frå avskoging er det same som dei årlege utsleppa frå alle bilane i verda. Kvifor snakkar alle då om elbilar og ikkje om å stoppa skoghogging?

Det må då vera enklare å stoppa avskoging enn å byta alle bensin og dieselbilar med elbilar?

Det er 1 milliard bilar i verda og det blir kvart år selt 80 millionar nye. Om alle nye bilar frå i år er elbilar så vil det ta minst 12 år før alle bensin og dieselbilar er byta ut! Men vi veit at i fjor vart det selt berre 800 000 elbilar. Held det fram slik kan det ta 1250 år før alle fossilbilar er skifta ut. Avskoging truar mange menneske, dyr og plantar samstundes som det aukar CO2-utslepp. Redusert avskoging er eit tiltak som er mogleg å gjera med ein gong utan store omstillingar for mange menneske. REDD+ (Reduced Emissions from Deforestation and Forest Degradation) er eit SN-program som og er ein del av klimaavtalen frå Paris. Dei gjev pengar til utviklingsland som vil stoppa hogging av regnskog. Noreg støttar allereie REDD+ men eg meiner me må gje endå meir pengar til REDD+. Eg tykkjer det er viktigare enn at me brukar pengar på å gjere det billeg å kjøpa nye elbilar. Om me må prioritera pengane for å redda klimaet, la oss bruka dei på å verna jorda sine lunger.