Ny verdsrekord i talet på tre planta på ein dag

350 millionar tre blei planta på 12 timar i Etiopia.

Etiopia er eit av mange land som har sett eit aukande avskogingsproblem dei siste tiåra, skriv Verdens Beste Nyheter.

Ifølgje FN har skogarealet i landet gått frå 35 prosent, til berre 4 prosent i løpet av dei siste åra. I eit forsøk på å motverke effektane av avskoging og klimaendringar, vart heile 350 millionar tre planta på 12 timar i starten av august, som ein del av statsminister Abiy Admeds «Green Legacy Initiative».

Målet var å plante 200 millionar tre, men det endelege resultatet gjekk langt forbi, og landet tok over verdensrekorden frå då det i India vart planta 50 millionar tre på ein dag i 2016.