Penelope er ny UNICEF-ambassadør

Penelope Lea (15) er den første klima- og miljøaktivisten som er vald som ambassadør i UNICEF. Ho er også den nest yngste.

Penelope Lea er allereie ein kjend person frå sitt arbeid frå mellom anna Miljøagentane. Ho er den fyrste klimaaktivisten noko sinne som er vald ut til UNICEF-ambassadør.

– Penelope Lea har ei fantastisk evne til å nå gjennom til både barn og vaksne. Ho er uredd, ambisiøs og ekstremt kunnskapsrik. Ho er ei inspirasjon for veldig mange, blant andre meg. Eg gler meg til samarbeidet og til kva vi kan få til saman, seier generalsekretær i Unicef Norge, Camilla Viken i ei pressemelding.

Saka held fram under bilete.

UNICEF står for United Nations Children’s Fund og er FN sitt barnefond og verdas største hjelpeorganisasjon for barn. UNICEF arbeidar i 190 land. Dei tilsette er fordelt på hovudkvarteret i New York, regioskontor, landkontor og i nasjonalkomitear. UNICEF blei oppretta 11. desember 1946 for å hjelpe europeiske barn etter 2. verdskrigen.

Eit smittande engasjement

Heilt sidan ho var åtte år gamal har Penelope Lea vore oppteken av klimaendringar.

11 år gamal vart ho vald inn i styret for Miljøagentene i Oslo. Sidan då har ho leia Barnas klimapanel og halde ei rekkje appellar, både under FNs klimaforhandlingar i Bonn, på Arendalsuka, på konferansar og på TV.

– Det er veldig viktig å vere engasjert, for brennande engasjement smittar! sa Penelope Lea til framtida.no.

I godt selskap

Det er ikkje ofte Unicef i Noreg vel nye, nasjonale ambassadørar. Det er heile 12 år sidan førre gong. Den gong var det alpinist Kjetil André Aamodt som fekk æra. Dei andre på lista over nasjonale representantar er: artist Sissel Kyrkjebø, fotballspelar/-trenar Ole Gunnar Solskjær og skodespelar Liv Ullmann.

Penelope Lea er den nest yngste, norske ambassadøren og den aller første klimaaktivisten i heile Unicef-systemet. I si nye rolle skal ho arbeidd for rettane til barn og ha fokus på klima.

– Klimaendringane rammar jo så urettferdig, og spesielt barn. Då er det viktig at vi står saman. Eg vil kjempa for at eg, venene mine, menneske og dei neste generasjonane skal få lov til å leva, seier Lea til NRK.