Statsbudsjettet 2020: Set i gang forsøk på fritidskort

7. oktober la finansminister Siv Jensen fram forslaget på statsbudsjettet for 2020. Det er ei oversikt over kva Noreg har av pengar, og kva vi skal bruke pengar på neste år.

Fleirtalet på Stortinget må godkjenne budsjettet før det kan tre i kraft 1. januar 2020.

Dette er noko av sakene regjeringa vil bruke pengar på:

SKULE

  • 250 millionar kroner til trykte- og digitale læremiddel i skulen. Bruke 90 millionar på «Den teknologiske skulesekken».
  • Billigare SFO på 1. og 2. trinn
  • Regjeringa vil auke med 15 millionar på å sikre gode nynorske læremiddel.

MILJØ/KLIMA

  • 15,5 milliardar til eit grønare samfunn med lågare utslepp.
  • Dei skal bruke meir pengar på forsking.

FRITID

  • Starte med eit forsøk på fritidskort. Det vil vere ei ordning som gir barn melllom 6 og 18 år ein gratis fritidsaktivitet. Regjeringa føreslår 60 millionar til dette.
  • 7 millionar til dataspel gjennom filmfondet. (Pengar til å lage norske dataspel)

FAMILIE:

  • Auke barnetrygda med 300 kroner i månaden. Tilsaman 3600 kroner i året.

Sukkeravgifta består, og blir ikkje endra. Det vil seie at det framleis er like dyrt som i dag når ein skal kjøpe seg ei brus eller ein sjokolade.

Regjeringa vil bruke 243,6 milliardar av oljefondet neste år. Det er 2,6 milliardar mindre enn i fjor.

Kva er oljefondet?

Oljefondet er verdt meir enn 9000 milliardar kroner.

Mot slutten av 60-talet blei det funne eit oljefelt utanfor Noreg. Noreg fekk mykje olje som vi kunne selje.

Stortinget bestemte å starte eit fond for å sikre pengane. Fondet eig litt i mange selskap. På den måten tener Noreg pengar på oljepengane.