Klimatoppmøte: Skal gjere det betre for 8 milliardar menneske

FNs klimatoppmøte er eit årleg klimamøte der rundt 200 land samlast for å finne løysingar på klimaproblema.

På jorda bur det nesten 8 milliardar menneske ifølgje FN. I tillegg bur det mange dyr og plantar. Det betyr at vi må ta vare på jorda vår og finne løysingar på korleis vi gjer det best mogeleg.

Landa samlast for å lage avtalar og løysingar på klimakrisa.

I 2015 blei det vedtatt ei lov som har fått namnet Parisavtalen. Den går ut på å redusere verdas utslepp av klimagassar. I avtalen står det at jordas temperatur ikkje skal stige meir enn to grader før utgangen av dette århundre. På den måten må landa også finne tiltak på korleis ein skal hindre temperaturauken.

Etter eit år med enormt klimaengasjement frå barn og unge blir det spanande å sjå kva som kjem ut av årets klimatoppmøte.