10 råd til deg som er redd for terror

Er du redd for terror? Her er ti råd frå Krisepsykolog Atle Dyregrov.

1: Barn får med seg meir enn vaksne trur av nyhende som handlar om katastrofar og terror. Det er viktig å snakke med ein vaksen, fordi fantasien din kan gi frykt hvis du går med tankane dine åleine.

2: Be om at den vaksne du snakkar med er open og ærleg, og at han eller ho hjelper deg å sette ord på bekymringane dine. Ro smittar, så om du er redd, kan den vaksne hjelpe deg.

3: Det er svært liten sjanse for at terror skal ramme deg eller nokon du er glad i. Politiet er også ekstra på vakt, og passar på.

4: Det viktigaste du kan gjere, er å leve eit normalt liv. Du kan skyve vekk frykt og bekymringar ved å gjere kjekke ting.

5: Du kan trene på å tenkje «sterke tankar» som du gjentar for deg sjølv om du er uroleg i kroppen. Du kan til dømes tenkje «Det er ingen grunn til at dette skal skje her», «Politiet er meir på vakt enn nokon gong før», «Eg er trygg», «Dette skal gå bra», «Terror skjer svært sjelden».

6: Spør nokon du har tillit til om å forklare deg hva terror er, på ein enkel måte.

7: Hugs at det alltid er ein vaksen du kan snakke med, anten det er foreldra dine, ein ven sine foreldre, læraren, eller helsesøster.

8: Tenk over kva venene dine snakkar om, og tenk over kva du snakkar med dei om. Frykt er nemleg smittsomt, så om venene dine snakkar om terror, aukar frykta.

9: Pass på kor mykje tid du brukar til å sjå eller lese nyhende om terror. Om du brukar mykje tid på å lese om terror eller sjå nyhende på TV, vil det auke frykta di.

10: Er du svært bekymra kan du samle bekymringstankane i ei dagleg «bekymringstid» (10 minutt.). Om bekymringstankane kjem utanom tida du har sett av til bekymring, så kan du gjenta inni deg at «desse tankane skal eg vente med å tenkje på til bekymringstida mi».