Er dette verdas minste tre?

Musøre-planta blir ikkje høgare enn fem centimeter. Likevel kallast han for eit tre.

Saka stod fyrst publisert på Titan. 

Denne veksten kan ein finne nesten overalt i heile Noreg.

Blada ser ut som små museøyrer.

I staden for å strekke seg høgast mogleg, kryp den langs bakken og blir ikkje høgare enn ein til fem centimeter.  Stamma er vedaktig, veldig kort og ligg trykt til bakken.

Det er derfor Naturhistorisk museum i Oslo og andre internasjonale plantenettstadar kallar museøre for verdas minste tre.

Store norske leksikon kallar veksten for Noreg minste busk.