Fantorangen prompa, det likte ikkje Google

Google har endra aldersgruppa i appen til Fantorangen. Berre fordi han prompa i ein episode.

Eigentleg er Fantorangen for dei aller minste barna, skriv NRK.no.

Det at Google markerer Fantorangen for barn mellom 9 til 12 år er ikkje bra for NRK.

NRK Super-sjefen, Hildri Gulliksen, seier til NRK at både Google og NRK har eit felles ønske om å beskytte barna, men at dei er ueinige om kva som passar for dei minste.

NRK Super-sjefen trur også at ueinigheita kjem av kulturforskjellen frå Noreg og USA, der Google held til.

Er det feil at Fantorangen prompa?

Er det feil at Fantorangen prompa?

Ja, det er ekkelt32
Nei, det er normalt124
Veit ikkje15
Svar totalt: 171