Tidsmaskina med Newton-Lydia

Lydia Gieselmann er kjend frå Newton. Ho satte seg i tidsmaskina og møtte seg sjølv om tolvåring. Heime i ei lita byg som heiter Skjerstad, utanfor Bodø.

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

Du set deg inn i ein tidsmaskin, og skrur tilbake til då du var 12 år. Kor er det mest truleg at du finn deg sjølv?

– Då var eg mest sansynleg på Skjerstad, altså bygda eg budde i på den tida. Eg var kanskje ute i hagen og spelte fotball med søskena mine, eller på rommet mitt og høyrde på CD’ar. Eller til og med på kassett!

Du går bort til deg sjølv. Kva er det første du seier eller gjer?

– Oi, eg ville vel prøvd å forsiktig ikkje skremt vekk meg sjølv – med meg sjølv. «Hehe! Heisann, kjenn du igjen mæ eller?»

Korleis trur du at du som 12-åring reagerer på dette?

– Sånn sett bort ifrå at det er litt freaky å møte sitt framtids-sjølv, vil eg tru at eg hadde vore glad for å sjå at eg virka trygg og glad.

De har helst, og du har sikkert mykje på hjarte. Kanskje eit råd eller to? Ver så god. Fyr laus, snakk med deg sjølv!

– Hei Lydia jr., korleis har du det? Jaså? Du kan ta det med ro med det meste av bekymringar, men køyr på med det du vil oppnå her i livet. Berre køyr på og ha trua!

Korleis reagerer du som 12-åring på dette?

– Eg blir kanskje letta? Som 12-åring var eg ganske usikker på mykje med meg sjølv. Llikevel hadde eg nokre klare draumar for framtida. At framtids-Lydia kjem med råd hjelper nok på!

Rett før du skal gå tilbake til tidsmaskinen, må du berre seie ein siste ting. Kva er det?

– Då ville eg nok gitt meg sjølv ein løyndom som berre eg ville forstått, med eit råd om å ikkje godta drit. Tør å seie ifrå!

Kva lærdom vil du gje dagens barn og unge ut frå denne samtalen?

Det er alt for lett å dilte etter andre i tenåra, men viss ein tillèt seg å stole litt meir på seg sjølv så innser ein kjapt at dei andre ikkje heilt veit kvar dei heller skal. Ved å gå den vegen DU vil gå, kjem du fortare dit DU vil. Resten av verda drit litt i om du var den kulaste eller minst kule på ungdomsskulen, så her er det berre å frigjere seg heilt frå det tullet.