Lyset frå menneska skjuler Mjølkevegen

Vi menneske lagar mykje lys. Difor er det mange på jorda som aldri får utsikt til galaksen vår.

Mjølkevegen er ein galakse. Og ein galakse er ei kjempestor samling av støv og stjerner, skriv Ung.Forskning.no.

I Mjølkevegen er det meir enn 200 milliardar stjerner. Og ei av stjernene i Mjølkevegen er sola vår, med jorda vår svirrande rundt seg.

Forskarar trur at Mjølkevegen ser ut som ein stor spiral, og du kan sjå noko av galaksen viss du er heldig. Det ser ut som eit svakt lyst band over himmelen på natta.

Sjeldan syn

Viss du skal sjå Mjølkevegen må det vera mørkt rundt deg. Men mange stader på jorda er det for mykje lys.

Ifølgje forskarane er det berre 1 prosent av folk i USA som kan sjå Mjølkevegen. Det er rett og slett for mykje lys der. I Europa er det 40 prosent som kan sjå galaksen.

(Kjelde: NASA)