Fire NASA-rakettar klare til oppskyting frå Noreg

Fire forskingsrakettar står klare på utskytingsrampene i Ny-Ålesund på Svalbard og Andøya i Nordland.

Rakettane er dei fyrste i ei rekke på 12 som skal undersøke den øvre delen av jordas atmosfære.

Kvifor kjem NASA til Noreg for å skyte opp rakettar?

Det heng saman med fenomenet som forskarane ynsker å studere. Nemleg den polare “cuspen”. Jorda er omgitt av eit magnetfelt som beskyttar oss mot straumen av ladde partiklar frå sola som vi kallar solvinden.

To stadar på jorda, i polområda, har magnetfeltet vårt hol i seg, der solpartiklane kan kome ned og få direkte kontakt med jorda si atmosfære. Det er dette forskarane vil finne meir ut av.

Saka er henta frå Titan.uio.no