Snill eller slem?

Kva er det som avgjer at ein er snill eller slem? Er ein berre snill, eller kan ein vera slem òg? Leah er ein av vinnarane i skrivekonkurransen i Tid-for-ti.

Eg meiner at alle menneske er både snille og slemme. Vi har både gode og dårlege sider. Vi har mange kjensler og dei er ikkje berre gode. Det er også dårlege kjensler. Dei kan gjere at vi ikkje er så snille alltid. Grunnen til at nokon er slemme er kanskje fordi dei ikkje har det så bra sjølv. For å føle seg sjølv betre hevar dei seg over andre.

Ein kan vere snille mot nokon, medan ein kan vere slem mot andre. Nokon kan oppleve at nokon berre er snille eller berre er slemme. Det kan vere at ein berre viser ei side av seg sjølv. Kanskje ein lèt som om ein er meir snill enn ein eigentleg er. Nokre trur ein er snill når ein er einig i alt, men ein er kanskje ikkje så snill mot seg sjølv? Fordi ein seier ikkje si eiga meining.

Kjenslene kan gjere at vi blir lei oss eller sinte. Då kan det vere at ein lèt det gå utover andre. Altså påverkar kjenslene korleis vi oppfører oss.

Alle har både gode og dårlege kjensler. Men viss dei dårlege kjenslene tar over, kan andre eller deg sjølv tru at ein er slem. Det er ikkje du som person som er slem, det er måten ein oppfører seg på som er dumt. Det krev altså sjølvkontroll å handtere kjenslene sine.

Boka Smadra handlar om ei jente som heiter Oda, som blir slått av mora si. Ho får skader i andletet, og når folk spør Oda kva som har skjedd, lyg ho og seier at ho fall av sykkelen. Er Oda snill eller slem? Oda har ikkje gjort noko gale, det er ikkje feilen hennar at ho blir slått av mora si. Men er det likevel greitt å lyge? Eg trur at Oda skammar seg over at mora er slem mot henne. Kva vil dei andre tenke viss dei fekk høyre om det? Eg synest ikkje Oda er slem som lyg.

Ho burde snakke med nokon ho stolar på, då kunne ho kanskje fått hjelp.

Framtida junior har prøvd å kome i kontakt med Leah, men har ikkje fått kontakt. Om du ser dette send gjerne ein mail på junior@framtida.no