Kva er eigentleg palmesøndag?

Palmesøndag er dagen då Jesus kom ridande inn i Jerusalem på eit esel. Det er siste søndag før påske.

Eit ikon av Jesus som kjem ridande på eit esel. (Wikipedia).

Palmesøndag er ei kristen markering, og namnet kjem av at folk strødde palmegreiner framfor Jesus då han kom ridande.

Skulen har påskeferie den komande veka. Dei som jobbar har framleis tre dagar med arbeid, sjølv om mange tek fri.

Den neste raude dagen, altså heilagdagen, er Skjærtorsdag, som er dagen då Jesus hade sitt siste måltid med disiplane, som vi kjenner som nattverd.

TA PÅSKEKVISSEN