– Eg er 95 prosent sikker på at eg har privat brukar

Embla, Helin, Selma, Tora og Evin er alle flittige TikTok-brukarar. Har dei privat eller open brukar?

Embla Isdal-Rognli (12)

– Mamma og pappa har sagt eg må ha privat brukar. Dessutan har eg ikkje lyst å vise meg til folk eg ikkje kjenner.

– Då foreldra mine fekk melding om TikTok frå skulen spurte pappa meg om eg har privat brukar. Han spurte meg om eg veit kven som ser på videoane mine, og sa eg må blokke dei eg ikkje kjenner. Det gjorde eg.

 

 

Helin Guner (12)

– Etter vi fekk meldinga frå rektor endra eg brukaren min til privat. Dei fleste følgarane mine er folk eg kjenner, men det er nokon eg ikkje kjenner også.

– Eg har blokkert nokon, men det tek for mykje tid å gjere det med alle følgarane eg har.

– Foreldra mine seier det er greitt at eg har appen.

 

 

Selma Hillersøy Resser (11)

FOTO: Janne Nerheim

– Eg har privat brukar fordi eg ikkje vil at alle skal sjå mine videoar. Då eg oppretta brukaren fekk eg melding med spørsmål om eg ville ha privat brukar.

– Mamma fekk melding frå skulen om at vi burde snakke om appen. Ho veit at eg brukar TikTok. Før fekk eg ikkje legge ut noko av meg sjølv, men no gjer eg det. Eg har jo privat brukar.

 

 

 

Tora Berger Folgerø (11)

FOTO: Janne Nerheim

– Eg er 95 prosent sikker på at eg har privat brukar. Søskenbarnet mitt skulle sjå videoane mine, men då kom det opp at den var privat. Eg har kanskje ein følgar som eg ikkje veit kven er. Eg ville ha fleire fans så eg sa ja til den eine personen. Men no gjer eg ikkje det meir.

– Vi fekk melding frå skulen, og mamma og pappa sa det er ok at eg er på TikTok så lenge eg har privat brukar.

 

 

Evin Guner (12)

FOTO: Janne Nerheim

– Eg har open. Min profil er nemleg så spennande! Eg har open profil fordi eg har lyst å kome på For You. Det er det alle kan sjå alle sine videoar.

– Eg har berre eit par videoar av meg sjølv, men eg har mange fans, og flesteparten anar eg ikkje kven er.

– Då foreldra mine snakka med meg om TikTok vurderte eg å bytte passord, fordi eg har opplevd at nokon andre har brukt profilen min. Eg har også tenkt på å få privat brukar, for eg vil ikkje at nokon skal hacke brukaren min igjen.