Unge får ofte feil informasjon om helse på TikTok

Ny forsking viser at ungdom engasjerer seg mest dersom helseinnhaldet på TikTok er laga av influensarar og andre førebilete, og ikkje legar eller anna helsepersonell.

Forskarar frå Washington i USA har analysert 400 TikTok-videoar om helse for å finna ut kva ungdom liker når det gjeld innhald om helse på TikTok, skriv Ung.Forskning.no.

Studien viser at seksuell helse, kosthald og trening er dei tre helsetemaa ungdom ser aller mest på TikTok. Men, videoane kan ikkje komma frå kven som helst, ifølgje studien. Forskinga viser at ungdom engasjerer seg mest dersom innhaldet er laga av influensarar og andre førebilete, og ikkje legar eller anna helsepersonell.

Foto: Solen Feyissa / Unsplash

Eit problem

Forskarane meiner at det er eit problem at ungdom tek til seg informasjon om helse frå folk som ikkje har helseutdanning.

– Videoane dei kjende personane deler, viser ofte ikkje korleis du kan endra rutinar eller forbetra helsa, men viser heller detaljar frå ein livsstil som er uoppnåeleg, seier forskar Nicole O’Donnell i ei pressemelding.

Lege på TikTok

Ung.Forskning har snakka med lege og TV-profil Wasim Zahid. Han er ein av legane som har oppretta ein konto på den populære plattforma.

– Kven som helst kan gi helseråd på TikTok, seier legen og fortel at mykje av det som blir sagt om helse på TikTok er feil.