Torarin (13) ville ha hest – fekk kamelar

Torarin Sætereng hadde lyst på hest. No rir han rundt på to kamelar frå Mongolia i staden.

På Sørøya i Finnmark, heilt nord i Noreg, bur Torarin saman med foreldra sine, fire søsken og to kamelar. Det heile starta med at Torarin og systra Svalin (16) hadde lyst på ein hest dei kunne ri på då dei var 9 og 11 år. Foreldra sa nei. Men, ungane kunne få mongolske kamelar, sa dei. Og det fekk dei.

FILM: Dei siste fire åra har det vore eit filmselskap som har følgd familien i kvardagen. 15. februar har filmen om Torarin premiere på kinoar i heile Noreg. FOTO: Martin Losvik

Smart val

– Eg hadde i grunn lyst på hest. Det verka fint for oss som bur på ei øy. Men mamma og pappa hadde sterke meiningar om at kamelar er betre her i Finnmark, fortel Torarin til Framtida Junior

– Eg blei glad då dei foreslo det. Det ga mening. Etter desse fem åra med kamelar tenkjer eg det er utruleg smart. Kamelane tåler cirka 40 minusgrader. Det er jo supert her i Finnmark, seier han.

Laga film

Dei siste fire åra har det vore eit filmselskap som har fulgt familien i kvardagen. 15. februar har filmen om Torarin premiere på kinoar i heile Noreg.

MYKJE ULL: – Vi tover ulla og lager tøfler. Eg har også prøvd det, men det er systra mi som gjer det mest, fortel Torarin. FOTO: Karl E. Rikardsen

– Det er veldig spennende at filmen kjem no, seier Torarin.

Han fortel at det gjekk greitt å bli filma, sjølv om det kunne bli litt slitsamt av og til.

– Det er jo ein dokumentar, så vi skulle berre vera oss sjølve, fortel han.

Torarin bruker tid saman med kamelane kvar dag. Han gir dei mat, og sjekkar at dei har det bra.

– Bor og Bestla heiter dei. Det er kalla opp etter mor og far til Odin i norrøn mytologi.

Førpremiere

Filmen «Kamel» vart i førre veke vist i Akkarfjord, ei bygd med rundt 80 innbyggarar på Sørøya.

MOR OG FAR: Torarin og systra Svalin hadde lyst på ein hest dei kunne ri på. Øystein Sætereng og sa nei. Men, ungane kunne få mongolske kamelar, sa dei. FOTO: Martin Losvik

– Eg har vore begeistra for kamelar sidan eg var gutunge. Difor visste eg mykje om mongolske kamelar, fortel pappa Øystein Sætereng.

– Dei er lettstelte og rolege dyr som kan bære mykje. Dei har også mykje ull ein kan lage gode klede av, seier han.

– Vi tover ulla og lager tøflar. Eg har også prøvd det, men det er systra mi som gjer det mest, fortel Torarin.

Svenske kamelar

– Vi henta kamelane hos ein oppdrettar i Sør-Sverige. Han har over 40 kamelar. Den eine var sju månader og den andre ni då vi fekk dei hit, seier pappa Øystein.

Mongolske kamelar veg ofte mellom 700 og 1000 kilo. Dei kan gå ute heile året og gå i heile tre veker utan mat og drikke. Men det gjer dei ikkje hos familien Sætereng. Der får dei både mat og kjærleik kvar dag.

Reiste til Mongolia

I mars i fjor reiste familien til Mongolia for å læra meir om kamelene.

– Vi fekk lære utruleg mykje som vi ikkje visste fra før. Om korleis folket der behandlar kamelane og korleis dei lagar ting av ulla til dyra. Til dømes tau. Dei tvinna ulla først, og så fletta dei det – så blir det tau. Det har vi også gjort, fortel Torarin.

– Alle skulle hatt eit par kamelar, seier pappa Øystein.

STORFAMILIE: På Sørøya i Finnmark, heilt nord i Noreg, bur Torarin saman med foreldra sine, fire søsken og to kamelar. FOTO: Martin Losvik