Tid for ti og skrivekonkurransen

Er du ein av dei 25 000 elevane som skal lese gjennom antologien på dei ti nynorske bøkene? Då er du kanskje ein av dei som skal vere med på skrivekonkurransen også?

Ein antologi er ei utvald samling av tekstar frå fleire forfattarar.

Framtida junior har eit samarbeid med Foreningen !les, der du kan vere med på ei skrivekonkurranse.

Kriterier for konkurransen finn du i denne lenka.

Juryen består av Foreningen !les, Nynorsksenteret og Elen Betanzo som er redaktør for barn- og ungdomslitteratur i Samlaget.

Fristen er satt til 14. mars.

Send til junior@framtida.no merk i emnefeltet med “Skrivekonkurranse”

Desse bøkene er med i Tid for ti 2019

  • Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget 2018
  • Snillionen av Arnfinn Kolerud, Cappelen Damm 2017
  • Klure av Atle Hansen, Samlaget 2018
  • Jojo av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2018
  • 1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2017
  • Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme 2018
  • Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016
  • Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018
  • Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017
  • Galderstjerna av Asbjørn Rydland, Samlaget 2016