Sjå kva Greta har stelt i stand

Du hugser kanskje Greta? 15 år gamal sette ho seg åleine kvar fredag utanfor Riksdagen (Svenske stortinget) og streika for klimaet. No er ungdomar rundt omkring i verda inspirert.

Greta Thunberg har satt spor.

Einsam sat ho med skiltet «Skolstrejk för klimatet» (Skulestreik for klimaet). No har tusenvis av ungdomar gjort det same. Og alle gjer det av same grunn. Å kjempe for eit betre klima og at politikarane gjer noko med det.

Ein av Twitter-fylgjarane til Greta har laga ei oversikt over alle skulestreikane. Som du ser er det enormt mange. På Twitterbilete ser du berre Europa, men streiken går også utanfor Europa.