Normalt startar pollensessongen i byrjinga av mars, men i år kjem han rundt to veker tidlegare.
Symptom er rennande nase og auge, og ein kan kjenne seg trøytt og uopplagt. Rundt 1 million nordmenn har pollenallergi.
Råd mot pollenallergi
- Ta medisin i tide etter råd frå lege. Start før symptomane vert for sterke.
- Ta medisin regelmessig
- Vis omsyn til fysisk aktivitet.
- Vask ansikt og hender – skyll hår og skift putevar før leggetid.
- Luft huset/soverom på kveldstid eller natt – då er det minst pollen i lufta.
(Kjelde: Pollenvarslingen.no)