Emma vil vere sosial utan skjerm

Emma Alexandra Skjeltorp Olufsen (11) syntest det var for mykje fokus på mobilen under korpssamlinga. Ho bestemte seg for å skrive eit brev til leiinga.

Emma spelar kornett i Åsvang og Eberg skolekorps. Det har ho gjort i tre år. Ho er veldig glad i korpset og vennane ho har der.

Førre gong ho var på korpssamling merka ho at mange sat med mobilen og spelte i pausane. Emma ville vere saman med vennane utan at skjermen skulle bruke opp tida. Ho skreiv derfor eit brev til leiinga for å sjå om det kunne bli ei endring.

Det var så mange av vennane mine som sat på mobilen når vi hadde pause. Eg hadde min mobil heime. Eg ville prate og leike meg, seier ho.

BREVET: Slik ser brevet som Emma skreiv til leiinga i korpset. Ho vil at det skal bli mindre bruk av mobil på øvinga. (Foto: Elin Skjeltorp)
BREVET: Slik ser brevet som Emma skreiv til leiinga i korpset. Ho vil at det skal bli mindre bruk av mobil på øvinga. (Foto: Elin Skjeltorp)

Lage mobilreglar

Eg skreiv brevet fordi eg ville foreslå til korpset at det hadde vore lurt å lage nokre mobilreglar. På den måten kan ein vere sosial og prate saman, seier Emma.

Kanskje ein kunne dele opp pausa og gje plass til både mobil og det å vere sosial, foreslår ho.

Mobilen er ein tidstjuv

Leiinga i korpset inviterte Emma på møte, der ho forklarte tankane sine om brevet.

Dei sa eg var modig som hadde skrive brevet.

For det er slik at mobilbruk har vorte eit lite problem. Ikkje berre for Emma, men for alle. Mobilen er ein tidstjuv.

Brukar mobilen over to timar kvar dag

I aldersgruppa 9-18 år brukar halvparten to timar eller meir på mobilen sin kvar dag. Fleire skular har mobilreglar. Noko som engasjerer.

Etter at dette blei kjent har eg fått mange kommentarar frå folk som er einig med meg, medan andre igjen synest det er dumt med reglar, seier ho.

Éin ting er sikkert. Både barn og vaksne brukar mobilen litt for mykje, og ein kan med sikkerheit tenke litt som Emma, og bry oss meir om dei som faktisk er der rundt deg.

Emmas mobilreglar

Mobilen min ligg heime, og den får eg bruke etter skulen, men fyrst skal eg ete mat og gjere lekser. Det er som regel berre på kvelden og om morgonen, då eg vaknar, at eg brukar mobilen.

Om morgonen spelar eg Minecraft saman med ein kompis, seier Emma.

Fakta

Undersøking: Tal frå Medietilsynets Barn og medier-undersøkelse 2018 viser at 87 prosent av 9-11-åringar har eigen smarttelefon, noko som er ei auke på 20 prosent sidan 2014. Undersøkinga viser også at nesten halvparten av 9-18-åringar brukar telefonen to timar eller meir kvar dag.

Demokrati: Vi i Noreg bur i eit demokratisk land. Det vil seie at ein har rett til å ytre sine meiningar. Akkurat slik som Emma gjorde. Ho kom med innspel på ting som kan betre seg, og så er det fleirtalet eller eit styre som tek saka vidare for å prøve å finne ei løysing.

(Pixabay)