Mobilforbod: – Me opplever at me kjenner oss tryggare

I media har det den siste tida vore debatt om mobilforbod i skulen, og der rektorar og elevar har fått seie sine meiningar som gjerne kan vere litt forskjellige. Her er eit lesarinnlegg frå nokre elevar ved Osteriedet barneskule.

Teksten stod først publisert hjå Avisa Nordhordaland. 

Me, 7. klasse ved Ostereidet barneskule, ønskjer å fortelje om vår oppleving av innføring av mobilforbod i klassen vår.

Mobilkasse for 7. klasse ved Ostereidet barneskule.

I skulereglementet til Ostereidet barneskule står det at mobilen skal vere avslått og i sekken. Ja, det var det då, – avslått og i sekken. Mobilane våre var nok som oftast avslått, men dei var ikkje alltid i sekken. Den kunne vere i jakkelomma til dømes, og om ein skulle på toalettet, var det veldig freistande å sjekke Snapchat. Det var òg elevar som sneik mobilen med seg på grupperom, eller som tok bilde av klassekameratar i gangen vår.

Etter nokre uheldige episodar, meinte læraren vår at det var best å samle mobilane inn om morgonen og at me fekk dei tilbake ved skuleslutt. Det var me einige i og det var ingen som protesterte. Me opplever at me kjenner oss tryggare. Det er ingen som tek bilde eller filmar oss når me ikkje veit om det. Me slepp å tenkje på mobilen og konsentrerer oss betre i timane, slappar meir av rett og slett.

Me er blitt meir sosiale på ein god måte. Det er mindre stress og tankar som går til mobilen i skuletida. Me har ikkje totalt mobilforbod i klassen for me kan bruke den når det gjeld noko som har med undervisning å gjere, som til dømes i rollespel eller i gymmen. Sjølvsagt er det nokon av oss som kunne tenkt seg å bruke mobilen i timane når me løyser oppgåver åleine. Det er mange som er van med å lytte til musikk når dei gjer lekser og kjenner at det får dei til å konsentrere seg betre, men så er det no flest samarbeidsoppgåver i skuletida og det er jo ikkje alle som likar same musikken eller vil ha musikk på når dei jobbar.

Me har ikkje problem med å levere inn mobilane, det er faktisk heilt greitt.

Er det OK å levere inn mobilen på skulen?

Er det OK å levere inn mobilen på skulen?

Ja53
Nei582
Kanskje...13
Veit ikkje13
Svar totalt: 661