Verdas eldste bloggar er 106 år og kjem frå Sverige

Dagny Carlsson er 106 år og starta å blogge då ho fylte 100 år.

Denne fantastiske dama gjekk på datakurs då ho var 99 år gamal. Då ho fylte 100 år byrja ho å blogge.

Dagny blei født i 1912 – det året Titanic tok ut på si fyrste og siste reise.

Når Dagny får spørsmål om kva ho har gjort for å bli så gamal seier ho at ein må ha gode genar og vere nysgjerrig.

Det ligg to dokumentarar om Dagny på Svt som ein kan sjå frå Noreg. Det er teksta på svensk, så det kan vere litt vanskeleg å forstå alt.

Dagny har overlevd to verdskrigar, og har eit perspektiv på livet som vi unge har mykje å lære av.