Forskarar lagar klede av bjørk og gamle aviser

Forskarane har utvikla ein meir miljøvenleg konkurrent til bomull.

Forskarar frå det finske Aalto-universitetet har utvikla eit nytt tekstil som det kan lagast klede av.

Det skriv Forskning.no.

Ved å bruke ei løysing kalla Ioncell kan professor Herbert Sixta og forskarane gjere bjørketre, resirkulert avispapir, papp og gamle bomullstekstil om til tekstil.

Dette skjer i tre stadium: Først vert cellulosen oppløyst, så vert den spunnen til fiber, endeleg så vert fibra karda og spunne til garn samleis som andre tekstilfiber.

Skogen kan såleis verte ein konkurrent til bomullsmarkane, som både krev mykje vatn og eit areal som elles kunne vore nytta til anna dyrking.