Den gamle tradisjonen sa at julefeiringa starta 13. desember og vara til 13. januar. men den nye foreldregenerasjonen til dagens barn, har endra måten å feire jul på, seier forskar Herleik Baklid, til NRK.
No startar vi gjerne tidlegare med å pynte til jul, og tek jula raskare ut igjen ved nyttår.
Stor fest 13. januar
Før festa folk den 13. januar og åt opp dei siste restane av julematen. Det var barna si oppgåve å feie golva skikkeleg etter julefeiringa.
Nokre barn kledde seg ut i masker og dro til naboane for å hjelpe til der også.
Kvifor seier vi denne regla?
Kvifor ein seier regla Tjuvandedag Knut, jagar jula ut – kjem av at folk blanda to dagar saman. Dei sette saman den tjuvande dagen og 7. januar som er St. Knuds dag. På den måten blei denne regla noko folk sa når dei skulle ta bort jula.
Når startar du og familien pyntinga til jul?
Når startar du og familien pyntinga til jul?
Det blei også sagt at dersom det var snø på tjuvandedagen, ville det framleis vere tjuve snøvérsdagar att før sommardagen 14. april.