«Glade jul» fylte 200 år

Julesongen som er oversatt til over 100 språk blei laga til ein julaftan for 200 år sidan - på grunn av ei mus.

I byen Oberndorf hadde kyrkjeorgelet problem. Orgelet hadde fått besøk av nokre svoltne mus som hadde øydelagt belgen, der ein pumpa luft inn i pipene. Orgelet kunne ikkje brukast under julegustenesta.

Kva skulle dei gjere?

Presten, Joseph Mohr, gav eit juledikt til organisten, Franz Xaver Gruber. Eit dikt presten sjølv hadde skrive. Organisten tok imot og laga ein melodi på gitaren sin.

Og på den måten blei «Stille Nacht», eller «Glade jul» til verdas mest kjende julesong. Songen blei framført i 1818.

Så vi kan takke ei mus, ein prest og ein organist for at vi har den fine julesongen.

I 2011 blei songen lagt til UNESCO si verdsarvliste.