Vann 100 000 kroner for å skape ein robothale

Studentbedrifta Costail lagar robothalar som kan brukast av cosplayarar. Det er folk som kler seg ut som rollefigurar frå teikneseriar, filmar og spel. Då kan jo ein hale vera nyttig!

Studentbedrifta vann nyleg Venture Cup som er ein konkurranse for studentar som lagar forretningsplanar, skriv Forskning.no.

Millionar av menneske er involvert i cosplay internasjonalt, så det er nok mange som kan tenkje seg å handle ein hale. Halen er elektrisk, så den beveger seg automatisk.