Har landa på Mars

Jubelen stod i taket hjå NASA då dei innsåg at dei hadde landa på planeten Mars.

Måndag 26. november vart ein spesiell dag for alle som jobbar i NASA. Klokka 20:54, norsk tid, fekk dei meldinga dei hadde venta på. Då landa nemleg den amerikanske romsonda InSight på Mars, langt ute i verdsrommet.

NASA, som jobbar med luftfart og romfart, sendte opp InSight for seks månadar sidan og på måndag fekk dei endeleg dei endeleg sjå bileta frå romsonda.

Bilete frå Mars. Foto: NASA

Ei romsonde er eit fartyg som er laga for å reise i verdsrommet, utan menneske ombord. Dei kan vere utstyrt med blant anna kamera for å hente informasjon slik at vi som bur på Jorda kan lære meir om korleis det er på andre planetar.

Etter at InSight blei skote opp frå California på Jorda har den reist 482 millionar kilometer før den endeleg var framme på Elysium Planitia på Mars. Det er litt av ei reise!

Skal bore seg inn i planeten

InSight er designa for å kunne bore seg fem meter ned under overflata og skal måle blant anna temperatur, vêr og rotasjonen av planeten på Mars.

Ifølgje The New York Times håper NASA at ved å få informasjon frå romsonden sine undersøkingar på Mars, kan vi også lære noko om jordas opprinnelse.

– Vi kan bruke Mars som ei tidsmaskin for å gå tilbake og sjå på korleis jorda må ha sett ut nokon få millionar år etter at den blei danna, fortel leiar av forskninga, Bruce Baerdt.